Foto: Anna Myking

Intervju med Anna Myking

Ho var fotograf på Trond Fausa Aurvåg sin Amanda-vinnar Alene menn sammen (2006) og Dag Johan Haugerud sin Trøbbel (2006). Ho har filma dokumentarfilmen 99 % som kjem på kino til hausten. I Grimstad hadde ho tre filmar. I tillegg har stilt opp som fagperson gjennom Den kulturelle skulesekken  og gudane veit kva. No har ho blitt eit av dei tre visittkorta til WIFT. Anna Myking har gitt den kvinneleg filmfotografen eit andlet.

Då førespurnaden kom frå Women in film and television (WIFT), vart Myking glad for at nokon hadde lagt merke til henne. Ho var litt i stuss om kva det var for noko, men så byrja det å kome inn åtvaringar mot å stille opp. Det ville virke mot si hensikt og slå heilt ut for henne.  Då var ho aldri i tvil.

– Då vart eg heilt sikkert på at dette var noko eg skulle vera med på, seier Anna Myking, som tvert imot lærde mykje av innspelinga.

– Som fotograf set eg jo sjølv merker overalt som skodespelaren skal stire på. Men når eg sjølv sat der og skulle sjå på eit merke, byrja eg fort å skjele med auga. Så eg forstår meir av kva jobb skodespelarane har. Eg ville jo i utgangspunktet hatt med meir av det eg sjølv har filma, men dei som laga filmane ville gå meir på personen. Det fungerte jo fint, det og. Eg har fått mange positive tilbakemeldingar og folk tek kontakt. Så det hadde omtrent motsatt effekt av det skeptikarane trudde.

Kvifor er det så få kvinnelege filmfotografar?

– Å vere filmfotograf er ei godt betalt teknisk leiarstilling, og tradisjonelt er det få kvinner som har leiarstillingar, tekniske stillingar og godt betalte stillingar. Kombinasjonen av desse tre er nok ein relevant årsak til at det har vore få kvinnelege fotografer. For det andre det ein tung fysisk jobb. Dess større produksjon, dess mindre bæring blir det. Eg trur det mange som ikkje taklar den fyrste perioden, når ein skal arbeide seg i hel på produksjonar utan å tene pengar, seier Myking.

Fotografen har stor autoritet på eit filmsett. Er du komfortabel i den rolla?

– Som fotograf har du ansvar for den tekniske staben og å fylgje historia. Det betyr at du har eit ansvar, og framdrifta er avhengig av at du gjer jobben din. Ein kan jo føle seg som ein dust der ein står og ser på andre som arbeider. Av og til prøver eg jo å hjelpe til med andre ting, men det er ikkje like enkelt. Om det må takast ei avgjerd der og då, er det ikkje så smart at fotografen er nett ned i bilen og hentar noko. På eit filmsett arbeider ein jo ofte saman med folk som ein ikkje har arbeidd med før, og då er det greitt at alle har ei viss forståing om korleis ting fungerer. Det er jo denne rollefordelinga som gjer det mogleg å arbeide i ulike samanhengar og i utlandet. Det er jo ei ordning som ein har funne ut er det beste måten å organisere seg på. Det handlar jo om effektivitet, å få ting unna. Det finst sikkert fotografar som har jobben av di dei kan be om kva kaffi dei vil og få den servert, men eg tviler dei held så lenge.

Føler du deg fri?

– Eg skulle jo sjølvsagt ynskje at ein kunne ha vore friare. Men på større produksjonar er det mange ulike fagfunksjonar som skal arbeide saman, og då er det greitt å dra i nokolunde same retninga. Faren er jo at ein blir heilt låst, at skodespelaren må gå med akkurat presis avstand til veggen, eller stoppe akkurat ved det og det merket. Eg trur kanskje at ein er for oppteken av at det skal sjå perfekt ut, og kunne sikkert ha tent på å slappe litt meir av og ta den risikoen. Samstundes er det skodespelarar som set pris på å få slike instruksar, dei kjenner seg sikrare. Og det er jo du som fotograf som har ansvaret for at det skal sjå fint ut, så det er ikkje så lett å sleppe det.

Du har filma fleire dokumentarfilmar. Er det annleis å arbeide på dei?

– Ja, men det varierer frå film til film. Nokre regissørar vil at ein berre skal hengje på og sjå kva som hender, mens andre er meir oppteken av nokon skal kom ut av akkurat den døra og gå akkurat slik. Det kjem og an på kva objektet er. Det er jo stor skilnad å filme på ein gamleheim der det stort sett hender det same kvar dag, og ein gjeng energisk utagerande hip-hoparar.

Du hadde jo med to filmar i Grimstad som du hadde laga saman med regissør Kjersti Steinsbø. Er det slik at du kan arbeide friare med henne?

– Ja, me jobbar jo veldig godt i lag nesten intuitivt korleis me vil ha det. Men det var to ulike filmar. Liten knute er jo ein studiofilm der alt var lagt fast og det var lite rom for improvisasjon. På Forlat oss vår skyld hadde me større handlerom, og der tenkjer eg at me nok kunne ha vore litt friare.

Har du nokon gong filma heilt fritt?

– Nei, i grunnen ikkje. Men eg har vore med på reklamefilminnspelingar som har kosta fleire hundre tusen kroner, der regissøren ikkje var så oppteken av å planleggje og heller ville suge til seg av energien når me kom på settet. Då vart eg litt stressa.

Kva er drøymeprosjektet?

– Utan å ty til flosklar, så håpar eg å arbeide på så mange filmar som mogleg i lag med folk som ynskjer å seie noko. Det er litt for mange filmar der ein har kome på ein ide, og så går ein runde for å finne på ei historie og så er ein nøgd. Eg saknar å sjå filmar der ein verkeleg ynskjer å fortelje noko, noko som strekkjer seg utover det å arbeide med film. For meg er kortfilmen det same som musikkvideoen. Verda ligg heilt open for å prøve ut nye ting. Likevel er det sjeldan å sjå  nokon som bryt med konvensjonane. Slik er det og med kortfilmen. Skulle gjerne ha sett litt meir prøving og litt meir innhald.

Har du lyst til å lage film sjølv?

– No har eg laga ein dokumentarfilm og skal snart til med ein ny. Så har eg jo laga nokre musikkvideoar. Men eg er ikkje ein regissør som ikkje heilt fekk det til og dermed enda opp som fotograf. Det er fotograf eg er og det er fotograf eg har lyst til å vera, seier Myking.

artikkel frå Filmtidsskriftet Z nr. 3/2008

  • Author Kjartan Helleve

Search in:
Professional Directory or Articles